Valen Sløydverkstad
Kalender haust 2026


Foto: Evelyn Utigard

Vi er glade over å samarbeide med Flatin og Valen grendelag, og uvurderleg god stønad frå Sparebankstiftelsen DNB! Foto: Evelyn Utigard

-
Torsdag 24.okt. 18-21 - Open sløydkveld
-
Onsdag 7.okt. 18-21- Open sløydkveld
-
Onsdag 21. okt. 18-21- Open sløydkveld
-
Onsdag 4.nov. 18-21 - Open sløydkveld
-
Sundag 8.nov. 10-14 - Kurs i grøn sløyd og bruk av
-
Valen Sløydverkstad (påmelding)
-
Onsdag 18.nov. 18-21 - Open sløydkveld
-
Onsdag 9.des. 18-21 Open sløydkveld - måling med linolje og pigment
-
Laurdag 12.des - 11-16 Joleverkstad
Obs! Endringar kan førekome.
Om Valen Sløydverkstad
Velkommen til Valen! Valen Sløydverkstad er ein nyetablert verkstad med fokus på trearbeid og handverktøy. Vi har ei aldersgrense på 16 år. Alle kan vere med på våre aktiviteter. Vi er i arbeid med å etablere eit medlemssystem. Meir info kjem.
Opne sløydkveldar
Vi har opne kveldar for alle, også for deg som vil sjekke ut av kva det er eller har lyst til å lære eller friske opp i spikkeferdigheitene. Det vil vere ein vert som kan hjelpe deg i gang med eit enkelt prosjekt. Alle er velkomne, men vi har ein aldersgrense på 16 år. Ta med eige utstyr eller lån av oss om du treng. Kapasitet 20 stk. Fyrste til mølla. Pris 40 kr(Vipps). Ta med eigen kopp, så kan du få noko varmt i koppen. Meld deg inn i FB-gruppa: Valen Sløydverkstad, eller fylg med på sloydfest.no —> Kva skjer/ Valen Sløydverkstad.
Temakveldar
Av og til har vi også temakveldar på eller uteom dei opne sløydkveldane. 9.desember kan ein lære litt om blanding og bruk av linoljemåling med pigment. Ta med spikkerier som du vil male, og kle deg etter aktiviteten.
Introkurs i spikking og verktøy
Treng du opplæring i grunnleggande ferdigheiter når det kjem til spikking og bruk av handverktøy? Dersom du ynskjer å bruke verkstaden vår, så er vi opptatte av at alle har kunnskapen dei treng til å jobbe trygt og kompetent. Vi set derfor opp eit kurs både haust og vår for deg som treng ein innføring. Neste kurs 8.november. Pris 600 kr. (Rabatt for deg som vil melde deg inn i sløydklubben). Påmelding til sloydfest@gmail.com
Bli medlem
Hausten 2026 lanserer vi eit nytt medlemssystem. Du kan betale halvårsabonement som varer ut juni 2027. Medlemsskapsrabatt elevar/ studentar.
Meir info kjem snart!
Kontakt oss
Spørsmål? Eller vil du engasjere deg? Send oss ein epost: sloydfest@gmail.com

