Om Sløydfest - nordisk festival for tresløyd
Annan kvart år vert festivalen Sløydfest i Seljord arrangert! Her er det stort fokus på arbeid i ferskt virke og handverktøy. Festivalen er for nyfikne nybyrjarar og erfarne sløydarar. Ein treng ikkje kjenne nokon frå før for å bli med på festival. Neste festival er i juni 2028.
På festivalen kan du drive med grøn sløyd, gå på kurs med instruktørar og deltakarar frå Danmark, Sverige og Noreg, høyre spennande foredrag, delta på handverksmarknad, drop in workshops og mykje anna koseleg! Vi vil dessutan at alle skal ha råd til å lære seg handverk, og derfor jobbar vi for å ha inkluderande prisar.
Valen Sløydverkstad
Vi treng ein stad og kunne drive med tresløyd ellers også. Dei to siste åra har foreininga Sløydfest jobba med å etablere ein verkstad for kvardagssløyd også. Hjå Flatin og Valen Grendehus like uttafor Bø i Telemark ligg no vårt hovudkvarter. Her inviterer vi til opne sløydkveldar og andre spennande aktivitetar.
Glimt frå Sløydfest 2024

Foto.Leif Gabrielsen

Foto: Leif Gabrielsen

Foto: Leif Gabrielsen

Foto.Leif Gabrielsen
Tusen takk til alle sposorar, instruktørar, foredragshaldarar, kunstnarar, handverkarar, frivillige, eldsjeler og besøkande frå heile Norden som har gjort Sløydfest 2023 til ein braksuksess!
Glimt frå Sløydfest 2024

Foto.Leif Gabrielsen

Foto: Leif Gabrielsen

Foto: Leif Gabrielsen

Foto.Leif Gabrielsen


