Om Sløydfest

Sløydfest er ein liten, koseleg festival frå 2023 med nordiske impulsar for alle som er nyfikne eller glade i tresløyd. Festivalen er annan kvart år og går føre seg på og rundt Seljord Folkehøgskule nokre dagar i juni. Neste festival vil vere i 2028, og meir info om program og påmelding kjem seinare. 

Festivalen samlar inspirerande og dyktige formidlarar, handverkarar, kursdeltakarar og entusiastar til dagar fulle av kurs, foredrag, spikking rundt bål, overraskingar, marknad, utstillingar, trivelege og gode folk frå heile Skandinavia. 

Festivalen vert arrangert av den frivillige og ideelle foreininga Sløydfest. 


Kva er sløyd?

I vår definisjon er sløyd kunnskap og arbeid med naturmaterialer på både naudsynte og kreative sett. Handverktøy, lokale materialer og hundre-og kanskje tusenår med smarte handverksteknikkar og kunnskap om materialer og naturressursar opnar opp for ei uendeleg verd av moglegheiter.

Sløydfest ynskjer å skape ein arena kvar folka som kjem inspirerer, samlar og spreier kunnskap og skaparglede, har det hyggeleg og uformelt, skaper nettverk på tvers av lokale- og nasjonale grenser og ikkje minst vil setje døra på gløtt for nysgjerrige sjeler som vil titte inn. 

Kort oppsumert er moglegheitene uendeleg mange med enkle verktøy og lokal skog i kombinasjon med kjærleik, nysgjerrigheit og klokskap. 


 Våre verdiar:

  • Vi er ein inkluderande festival 

  • Vi ynskjer at fleire skal ha tilgang på kvalitetsrik handverkskunnskap

  • Vi ynskjer at fleire skal få oppleve gleda i det å skape noko og inspirerast til å gjere noko frå botn av med lokale ressursar

  • Vi vil at kunnskap om tradisjonshandverk kan vise kor mykje spennande ein kan utforske og skape 

  • Vi vil bruke sløyd til å ta vare på natur og miljø

  • Sløyd er eit viktig og underkommunisert verktøy når det kjem til å jobbe for korleis vi menneskje kan opptre miljøklokt i verda. FN sine berekraftsmål er oss tett om brystet før-, under- og etter arrangementet.