top of page

Om Sløydfest

 Verda treng sløyden! 

Sløydfest er ein liten, kosleg og ny festival med nordiske impulsar for alle som er nyfikne eller glade i tresløyd.  

Kva er sløyd? 

I vår definisjon er sløyd kunnskap og arbeid med naturmaterialer på både naudsynte og kreative sett.  Handverktøy, lokale materialer og hundre-og kanskje tusenår med smarte handverksteknikkar og kunnskap om materialer og naturressursar opnar opp for ei uendeleg verd av moglegheiter.  

Sløydfest ynskjer å skapre ein arena kvar folka som kjem inspirerer, samlar og spreier kunnskap og skaparglede, har det hyggeleg og uformelt, skaper nettverk på tvers av lokale- og nasjonale (lande) grenser og ikkje minst vil setje døra på gløtt for nysgjerrige sjeler som vil titte inn. 

Kort oppsumert er moglegheitene er uendeleg mange med enkle verktøy og lokal skog i kombinasjon med kjærleik, nysgjerrigheit og klokskap. 

Våre verdiar

  •  Vi er ein inkluderande festival 

  • Vi ynskjer at fleire skal ha tilgang på kvalitetsrik handverkskunnskap

  • Vi vil at kunnskap om tradisjonshandverk kan vise kor mykje spennande ein kan utforske og skape 

  • Vi vil bruke sløyd til å ta vare på natur og miljø

  • Vi har mange av FN sine berekraftsmål tett om brystet under arrangemenet

IMG_5495.jpg
IMG_5870.JPG

Kven er arrangørane bak Sløydfest? 

Bak Sløydfest står eit nettverk av frivillige eldsjeler som brenn for å skape endå fleire gode arenaar for sløyd og handverk. Nokon av oss er profesjonelle tresløydarar, andre har det som ein viktig fritidsinteresse eller jobbar med formidling innan feltet. Arrangørane er både norske og danske, med sterk tilknyting til Sverige og ei openheit utover desse. Dei fleste av oss bur i ein eller anna avkrok i Telemark.

Kanskje vil ein også finne info eller  titlar på kurs på dansk, svensk. eller engelsk. 

Seljord- og Telemark Husflidslag er viktige støttespelarar, saman med Seljord Folkehøgskule og Norges Husflidslag. 

Vi har fått god støtte av Vestfold og Telemark Fylkeskommune, DNB Sparebankstiftelsen til gjennomføring av festivalen

bottom of page