top of page

Valen Sløydverkstad

Velkommen til Valen og open verkstad: 

​

Annan kvar veke, inviterer vi til open verkstad, der vi har ordna med emner til mindre spikkeprosjekt. Ta med verktøy eller lån av oss. Les meir om opne sløydkveldar i informasjonen under.

Ta med eigen kopp. Aktiviteten skjer på eige ansvar. Pris 40 kr. 

​

  • Torsdag 24.10

  • Onsdag 7.oktober

  • Onsdag 21. oktober

  • Onsdag 4.novemer

​

Obs! Endringar kan førekome. ​

​

Valen Sløydverkstad er ein nyetablert verkstad med fokus på trearbeid og handverktøy. Vi har opne kveldar for deg som vil sjekke ut av kva det er eller har lyst til å lære eller friske opp i spikkeferdigheitene. Det vil vere ein vert som kan hjelpe deg i gang med eit enkelt prosjekt. Alle er velkomne, men vi har ein aldersgrense på 16 år. Du må fikse ulykkesforsikring i tilfelle uhellet er ute, då aktiviteten skjer på eige ansvar. I desse dagar jobbar vi og med å lage eit medlemssystem, som vi vil gå ut med denne hausten. Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på sloydfest@gmail.com

​

Vi har plass til om lag 20 sløydarar, på Valen, så her vil det vere fyrste til mølla som gjeld i tilfelle det vert fleire enn det. Ingen påmelding. 

 

Vi ordnar med emner til småsløyd slik som skeier og anna småtteri. Ta med eige spikkeutstyr som kniv og slik om du har. Det er òg moglegheit til å låne.  Det vil vere eit par erfarne spikkarar på plass som kan hjelpe deg i gang med skeier t.d om du er nybyrjar, eller treng litt repetisjon. 

​

  • Pris  40 kr(Vipps). Ta med eigen kopp, så kan du få noko varmt i koppen. Meld deg inn i FB-gruppa: Valen Sløydverkstad, eller fylg med på sloydfest.no —> Kva skjer/ Valen Sløydverkstad. 

 

  •  VIKTIG: Du må ordne med eigen ulykkesforsikring, og du er ansvarleg for deg sjølv under aktivitetane på Valen. Vi har tilgang til grunnleggande fyrstehjelpsutstyr dersom uhellet skulle vere ute.

​

  • Aldersgrense 16 år. 

​​​​

Er du interessert i å engasjere deg i verkstaden og bli med på dugnader? Du er velkommen til å ta kontakt på sloydfest@gmail.com. 

​​​​​​​​​​​​​​

Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB og Sparebanken DIN Bø for viktig og god støtte. 

​

IMG_9803.JPG

Sløydfest er mogleg på grunn av gode frivillige og støttespelarar.

Tusen takk til alle som gjer sløydfest til ein moglegheit og som skaper nye moglegheiter

 

takk til 

Seljord Folkehøgskule

Sparebankstiftinga DNB

Seljord Kommune

Sparebanken DIN Telemark

Telemarkskanalen Natur- og Kulturpark 

​

​

Våre parTNARAR

Seljord Folkehøgskule | Seljord Husflidslag | Telemark Husflidslag | Norges Husflidslag

| Valen og Flatin Grendelag

​

Tusen takk til: 

Leif Gabrielsen & Benjamín Villela Guzmán, foto

​

Plakat 2026: Linnea Bang-Madsen, plakatdesign og

Erik Lundqvister Udd for grafisk tilpassing. 

​​

//

Julie, Jeppe, Linnea, Rasmus, Ingvild, Ingrid og Evelyn

Sparebankstiftelsen DNB støttar Sløydfest!
Seljord Folkehøgskule er samarbeidspartner
Kommunevåpen+med+Seljord+horisontal.png
Seljord Husflidslag er samarbeidspartner
Telemark Husflidslag er samarbeidspartner
Håndverksløftet støttar Sløydfest!
Norges Husflidslag er samarbeidspartner

Seljord FHS,

Jakob Naadlandsveg 33

​

sloydfest@gmail.com

©2022 av Sløydfest

bottom of page