Kursbillettar
Sløydfest 2026
Informasjon om kursbillettar
Her finn du billettar til de ulika kurs på festivalen.
Kursa er tilrettelagde for voksne (frå 18 år og oppover). OBS! Er du mellom 15 og 18 og vil bli med, ta kontakt, så kan me sjå om dette kan late seg gjere. Er du yngre enn dette, velkommen til morosame aktivitetar på handverksdagen.
Festivalbillett
Husk også at kjøpe basisbilletten for festivalen.
Avbestilling
Av og til skjer det. Dersom du må avlyse kan du få refundert billetten din dersom kursplassen vert kjøpt av nokon andre. Send oss epost i tilfelle.
Rabattordningar
Som studerande, ung 18-26 år eller arbeidsledig kan ein få 20% rabatt på alle kursbillettar. Skriv inn STUDENT, UNG eller LEDIG i rabattboksen på handlekorgssida.
Som medlem i Norges Husflidslag
kan ein få 10% rabatt på kurs mange stader i landet. Det gjeld også på Sløydfest! Skriv NHMEDLEM i rabattboksen på handlekorgssida.
Er du ikkje medlem i Norges Husflidslag? Då kan du bli det - Klikk her!
Venteliste kursbillettar
Er drøymekurset ditt utsolgt? Det er mogleg å melde seg på på venteliste. Send ein epost til sloydfest@gmail.com



































