Nyttig info
Om du har fleire spørsmål, send epost til: sloydfest@gmail.com
Sløydfest sine visjonar
Vi ynskjer at alle skal ha moglegheit og tilgang til god handverkskunnskap
Klikk her for å lese meir om visjonane til sløydfest
Kollektiv transport
Seljord ligg ca. 2,5 t. frå Oslo og ein kan ta Haukeliekspressen. Sørtoget stoppar i Bø og det går buss vidare til Seljord. Sjå Entur.no for meir info
Det finnast rimlege reisealternativ frå DK og SE til Oslo
Samkøyring
Vi ynskjer at folk samkøyrer dersom ein ikkje kan ta bil. Dette kan avtalast inne på vår FB-side
Det er mogleg at fleire kjem køyrande frå SE og DK, fylg med på FB!
Universell utforming
Ein del stader er det diverre ikkje så godt tilrettelagt dersom du sit i rullestol. Ta gjerne kontakt med Seljord FHS for nærare spørsmål kring dette.
Kan eg ta med hund?
Vi har diverre ikkje tillating til å ha hund i folkehøgskulen sine fasilitetar.
Om Seljord
Seljord er ei lita hyggeleg bygd midt i Telemark. Festivalen held til på grunnen til Seljord Folkehøgskule. Ein kan overnatte på plassen under festivalen.