Alle Nivå - Norsk - 7t - 5 plasser
På dette kurset lærer du dei grunnleggande teknikkane i tredreiing (tverrdreiing). Du lærer å spenne opp emnet og dei grunnleggande teknikkane for å dreie ein bolle i tørt virke. Kurshaldar tek med ulike emne frå Flatdal. Du vil også få ei kort innføring vedlikehald og sliping av dreiejern.
Om tida strekk til kan du også få moglegheit til å skjere ut tekstur på bollen.
Medbring:
- Ta med vernebriller
- Maske/munnbind. (Det kan fort bli ein del støv)
Materialkostnad:
300 NOK
Nybyrjarkurs i bolledreiing // fredag
Rut Fjågesund (f. 1993) kjem frå Seljord, men er no busett i Lunde. Ho er utdanna formingslærar, og fordjupa seg i tredreiing under utdanninga.
I dag har ho verkstad heime i Lunde, og arbeider 50% med tredreiing.
Ho er opptatt av å nytte lokale materialar, og dreiar hovudsakleg av lauvtre felt og saga i Flatdal. I tillegg til tredreiing arbeider ho med teksturar på produkta. All dekor er skore ut med treskjerarjern før blir ferdig dreia.
https://www.rutfjagesund.com
https://www.instagram.com/rut.fjagesund/
https://www.facebook.com/profile.php?id=100090675248997