top of page
Skeispikking for nybyrjarar // fredag

Alle nivå - Norsk - 4,5t - 8 plasser

På dette kurset lærer du å spikke ei vakker skei i tre.

Eg tar deg med på heile prosessen frå ferskt tre, til ferdig produkt. Du lærer om treets anatomi, basis håndgrep og spikketeknikkar, bruk av sag, øks, spikkekniv og skeikniv.

Det er mange ulike måtar å spikke skeier på. Eg viser deg teknikkar som ikkje er av dei «mest avanserte».

 

Me skal gå gjennom prosessen frå stokk til skei; me lærer om val av emne, sager opp stokken i passelege lengder, kløyver med øks, og grovformer med sag og øks. Så spikker me vidare med spikkekniv og skeikniv. På kurset brukar me rettvokst emne i fersk bjørk og selje.

 

Du får med deg fleire emner i ferskt tre, så du kan fortsette å spikke etter kurset. Velkommen!

Medbring:

Inget krav

Materialkostnad:
Ingen

Skeispikking for nybyrjarar // fredag

  • Mari Fallet Mosand, driver av @Krokvokst.

    Kurvfletting, pil, trehandverk og kurs. Held til i Bø i Telemark. Inspirert av folkekunsten, og opptatt av bærekraft. Sankar naturmaterial i lokal natur.

    www.krokvokst.no
    www.instagram.com/krokvokst/
    https://www.instagram.com/mari.fallet.mosand/

bottom of page