top of page
Stuttórv (kort ljå) // Laurdag

Alle nivå - Norsk - 4t - 10 plasser

På dette kurset gjenomgår me heile prosessen på 4 timar, så du får kunnskapen som skal til for å fullføre eigen stuttorv i etterkant av kurset.

 

Me tek prosessen steg for steg, med hovedvekt på dei viktigaste prinsippa for å få eit optimalt resultat med tanke på brukseigenskapar.

 

Ringhus har med seg orv i fleire stadier, frå eit emne som ikkje er gjort noko på - til eit ferdig produkt.

Han har også med seg reidskap og verktøy som han brukar, samt råd om bruk av andre hjelpemiddel.

 

I tillegg fer me i gjennom dei ulike treslaga som kan brukast og litt særmerke dei har.

 

Kvar kursdeltakar får eit nyttig malsett i to delar. 
 Malane er nyttige når ein skal finne  emne i skogen, når ein skal rita av omrisset av orvet på emna for å setje i utforminga. Dessutan kan malane brukas til å sjå på, for å hjelpe at ein arbeider seg fraover til eit brukande resultat på eigen hand.

Ta med: 
Skrivesaker.  

Materialkostnad:
100 NOK - Dekker to maler med ulika profilar over ei stutorv.

 

På handverksdagen same dag som kurset kjem dessuten Gaute Midtbøen, som er ein av landets få ljåbladsmedar.  Forhåpentlegvis kan du kjøpe eller bestille eit blad du kan bruke til orven din.  

Stuttórv (kort ljå) // Laurdag

Only 4 left in stock
  • Det er svært få hender som framleis lagar orvar. Heldigvis finnast noko og åttiåringen Olav Ringhus frå Vinje i Telemark. 

    Ringhus har en bakgrunn frå det meste innan jordog skogbruk. Han har mange år med erfaring med laging av langorv og stuttorv. 

    Ringhus opplever stor etterspurnad etter orvane han lagar. No ynskjer han å formidle kunnskapen vidare.

bottom of page